Assistens Kirkegård er så fin
1) Skaff deg eit kart (eller kort på dansk) og ein sykkel. Ein kan leige sykkel både her og der, og det er ti gongar lettare å sykle enn å gå, hvis ein har lyst til å sjå litt av byen.


2) Dropp frukosten. Eller et pittelitt. Og så, kjøper du ein brunsj-talerken på ein fin liten kafé. Alle kafear (nesten) har brunsj på menyen, det betyr "litt av alt", pannekaker, brød, yoghurt, ost, salat, eggerøre, etc. Fantastisk greie.
3) Eit av mine heitaste tips er indre Nørrebro, nærare bestemt Elmegade (Elm Street hvis du vil vere hipp), det ligg rett over Dronning Louises Bro. Shop fine små ting som du ikkje finn andre stadar. Et lunsj/brunsj på "The Laundromat" og lat som om du er med i ein film. Eg kan nevne hundre ting som bør sjekkast ut i Elmegade, men når du først er der, er det uansett vanskeleg å la vere å legge merke til alt. Fin gate. Fine ting i vindauga.
4) Om du er halvdø etter timesvis med sjåpping, brustein og eksos, hiv deg på sykkelen og stikk til Frederiksberg Have. Det tek 20 min (plussminus) frå sentrum, og så er der ein dyrehage der. Og eit slott, og eit kinesisk lysthus. Mykje grønt og ganske stille. Og Københavns einaste bakke, type bratt. Fint om du har nokon du kan halde i handa medan du vandrar mellom bøk og bjørk, men det går bra utan også. Eg har prøvd.
5) Om Haven blir for langt å dra, så anbefalast Assistens Kirkegård på Nørrebro som eit god alternativ og som avbrekk frå metropolen. Her kan du jogge mellom gravene om du vil, eller sette deg ved grava til H.C. Andersen og lese ei god bok. Slikt er lov.
Og, sånn på tampen (kva no enn tampen er), er det lurt å hugse at butikkane i Køben stenger mykje tidlegare enn i Noreg. Laurdagar stenger dei gjerne fem. På kvardagar stenger dagligvarebutikkane åtte. Men så har dei søndagsopent nesten overalt kvar første søndag i månaden da. Det var liksom det eg kom på først, det eg ville brukt tida mi på. Altså, dette kjem jo sjølvsagt i tillegg til dei obligatoriske turane på strøget og i tivloi. Ajaja, eg har tusen fleire tips. Eg plasserar dei på pinebenken, medan eg latar som eg er ein superpoppis reisebloggar, og at folk bryr seg om kva eg skriv.

Vakre (og ikkje spesielt farlege) Nørrebro.

Halvnakne, glade menneske i Frederiksberg Have (sånn på tampen).